Velkomen til Fadofestivalen 2011
Noreg har mykje til felles med Portugal. Sjøfartsnasjonar og "kulturelle småbrør" av våre respektive naboar, i utkanten av det europeiske kontinent. Gjennom klippfiskeksporten har Noreg vore ein stor bidragsytar til det portugisiske kjøken i mange hundre år. Norsk bacalao er Portugal sin nasjonalrett.
Etter to vellukka arrangement med "Portugisiske dagar" i Ulsteinvik, i tidlegare år, vart det kjempesuksess med "Fadofestivalen 2009 og 2010". Over eit tusen var innom arrangementa.
Vi inviterar vi til ny festival 10.-12. februar 2011.
Gjennom fire hektiske dagar vil vi by publikum på mat, vin, musikk, musikkworkshop og Portugisiske tema i foredrags form. Leiande musikarar og songarar er inviterte frå Lisboa. Fado (skjebne), eit sang fenomen, som har vunne stadig nye tilhengarar verda over. Det vert fleire høve til å bli kjent med musikken på ulike arenaer festivaldagane.
Solfyllte Portugal skal gjennom "Fadofestivalen" spre litt varme i norsk vintermørke.
Takk for at du kom på Fadofestivalen.!
|
Antonio Zambujo, Ricardo Cruz og Bernardo Couto på Kaffikari. Foto: Carlos A. G. Costa |
Ein stor takk til alle dykk som har vore med på årets festival. Det er med stor og audmjuk takksemd vi no på ny har avslutta eit lite kultureventyr. Stor takk til våre sponsorar og samarbeidspartnarar. Det er rart kva ein kan klare å skape, når ein lyfter i flokk.
Vi er i gang med førebuingar til programmet neste år, og vil komme attende med detaljar til hausten. Festival vert det i februar 2011.
Takk skal de ha. Alle saman.
Våre sponsorar
JETS - ROLLS-ROYCE - BAKKELY - NORDEA - NAUSTNESET - REVISORGRUPPEN - ULSTEIN GROUP - ARBIRO - CONVEX
QUALITY HOTEL ULSTEIN